Velkomen til min portefølje. Trykk på kategoriane under for å sjå meir, eller ta kontakt om du treng fotograf.

OM MEG
I løpet av fire månader på reis etter vidaregåande, vaks det fram ei fotointeresse i meg. Interessa fortsatte å utvikla seg parallelt med dyrkinga av andre lidenskapar som ski, sykling og friluftsliv. Seinare har hobbyen blitt til jobb, og eg driv no som fotograf basert i Bergen. I hovudsak gjer eg jobbar innanfor actionsport/outdoor, event og bryllup (inkludert forlovelse- og parfotografering), men ta for all del kontakt om du trur eg passar til ditt prosjekt eller di merkevare!
I 2020 tok eg steget inn i bryllupsfoto, og har no 15+ bryllup i erfaringsbanken, fordelt over store delar av landet. Å få lov å dokumentera ein så viktig dag for eit brudepar er ansvarstungt, men likevel svært givande. Målet mitt som bryllupsfotograf er å formidla opplevinga av å vera til stades gjennom å fanga dei rette augeblikka, innpakka i mitt visuelle uttrykk. Forhåpentlegvis bidrar dette til at brudeparet kan gjennoppleva den store dagen, resten av livet.
UTVALDE Kundar






Tilbakemeldingar PÅ BRYLLUPSFOTO

Ingvild og Daniel
“Altså herlighet! Bildene er helt nydelige!”

Erling og Juni
“Me elska bildene!”

Frida og Håkon
“Du passet så fint inn i gjengen som var der og flere lurte på om du var bryllupsgjest som venn! Vi er veldig fornøyd og glad for at vi gikk for deg. Vi så gjennom bildene og det ser skikkelig bra ut!”

Alf Sigur og Emilie
“Tusen takk for jobben, Gaute!! Me trivdes veldig med deg som fotograf!”



